Karl Seglem er framheva som ein av Noregs fremste tenorsaksofonistar med ei unik og særprega røyst. Han har i dei seinare åra også jobba mykje med bukkehorn. Seglem med band skapar spennande lydlandskap der sjangergrensene vert utviska - men med tydelege røter i norsk folkemusikk. Verdensmusikk frå Noreg. ”REIK” kjem ut på det tyske plateselskapet Ozella Music med lansering i Noreg 26. september. I oktober vert det internasjonal lansering med hovudvekt på Tyskland. Seglem drar på ein omfattande turné der frå 1. oktober.
Den fyrste internasjonale kritikken av albumet er allereie komen:
”REIK vekslar mellom rytmiske finessar og dempa skjønnhet”, seier Mouvement-Nouveau i si melding av det nye albumet. Seglem trekkast fram som det tredje store jazznamnet i Noreg - samen med Garbarek og Molvær. Meldaren trekkjer også fram at REIK er eit album der "fortid og framtid er i perfekt balanse". I motsetnad til dei andre "store norske jazzmeistrane (Garbarek og Molvær)" pregast albumet av at "mørke og solskin er nærverande på same tid".
DVD-dokumentar i produksjon
Ozella Music starta i sommar produksjonen av ein DVD-dokumentar om Seglem sitt virke som komponist og musikar. Eit tysk videoteam følgde saksofonisten til Vestlandet, gjorde konsertopptak og intervju. To av konsertane på den kommande turneen vil komplettere DVD'en som ligg føre neste år saman med eit nytt album på det tyske plateselskapet.
Bandet
På Tysklandsturneen som no står føre har Seglem med seg sitt faste mannskap: ein av dei fremste hardingfelespelemennene i Noreg Håkon Høgemo og dei to fremtredande musikarane frå Mari Boine sitt tidligare band; Gjermund Silset, bass og Helge Norbakken , trommer og perkusjon.
| Turneen |
|
| 01.10.2005 Paderborn |
05.10.2005 Berlin |
| 02.10.2005 Northeim |
06.10.2005 Wien |
| 03.10.2005 Jameln |
07.10.2005 München |
| 04.10.2005 Lübeck |
08.10.2005 Passau |
Turneen er støttet av UD og Norsk Kulturråds ensemblestøtte
Karl Seglem "REIK"
Med Nikolai Ivanov (bul.) og Harald Skullerud.
OZ011 Ozella Music www.ozellamusic.com
Norsk distribusjon : Musikklosen, www.musikklosen.no tlf 2219 8282
Kritikk av "REIK" i Mouvement-Noueveau/Tyskland her
For CD, pressefoto, intervjuer og/eller mer informasjon kontakt : Wilfred Vuillaume, Tlf: 92 44 30 48, wilfred@norcd.no
Lyttedøme: DJUPT
|