LEA DEG!
Spelemannslaget Knut Heddis minne
- plateslepp og konsert 30. mai kl. 13.00
under Den Norske Folkemusikkveka på Ål

…Kva er limet mellom ein rogalending, ein hemsedøl, ein svenske, ein vestlending, ein setesdøl og ein halling? Kva får dei til å bry seg om Knut Jonsson og spelet hans? Kva dreg dei til Setesdal?

Musikken? Sjølvsagt.
Kulturelle interesser? Sikkert.
Vennskap? Muleg.
Men bak alt dette rasjonelle er det noko meir, noko heilt anna som bind dei saman: den store hugen. Den uregjerleg hugen. Det er den du finn i slåttespelet til Spelemannslaget Knut Heddis minne.
Tarjei Haugen
Spelemannslaget Knut Heddis minne vart starta hausten 1998. Laget består av seks drevne solospelemenn som kjem frå forskjellige stader i Sør-Noreg. Til saman har dei stor konserterfaring og har vore med på fleire plateproduksjonar. Musikken er prega av sterk rytme og driv. Spesielt er det at ein på samspelrepertoaret finn store utbygde slåttar som til no berre har tilhøyrt eit solorepertoar. I og med at medlemene kjem frå ulike kantar av landet femner repertoaret over fleire tradisjonsområder. I omtale har pressa nytta orda ”supergruppe” og ”enormt driv”. Lagets fremste prestasjon så langt har vore å bli Noregsmeistrar i lagspel under landskappleiken på Rauland i 2001.

Medlemene i laget er Monika Antun, Marton Laksesvela, Harald B. Knutsen, Knut Breivegen, Herbjørn Liahagen og Daniel Sandén-Warg. Alle er arbeidsinnvandrarar til Valle, bortsett frå Knut som er innfødd setesdøl. Øvingane har dei i stoga etter den legendariske spelemannen Knut J. Heddi (1857-1938) på Rysstad, soleis fall også namnet til laget på plass.

CDen ”LEA DEG!” er given ut på eige forlag og kan tingast

Andre artistar i Norsk Folkemusikkatalog som spelar under Den Norske Folkemusikkveka:
- Trispann
- Per Anders Buen Garnås
- Øyvind Brabant
- ”Nivelkinn” v/Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga
- Steinar Ofsdal
Meir informasjon om Den Norsk Folkemusikkveka


Lydeksempel: Lea deg, Gamle Ola – gangar i tradisjon etter Andres K. Rysstad
(Mp3-format. Mp3-spelarar kan hentast gratis fra www.mp3.com)

Meir om artisten - Tidlegare månadsartistar - Norsk Folkemusikkatalog - Send konserttilbod