|
||||||||||||||||||||||
|
|
UTLA |
|||||||||||||||||||||
|
Med Spellemannprisvinnar
Håkon Høgemo (hardingfele) er tradisjonane tekne vare på
og ført vidare. Med Terje Isungset (perkusjon, munnharpe) på
dei særprega slaginstrumenta sine kan alt hende. Med Karl Seglem
(ten.sax/bukkehorn) si unike klanghandsaming vert grensene strekte. Saman
skaper dei lyden av Utla, eit band som har eksistert sidan 1991, gitt
ut 4 CD´ar, og turnert store deler av Noreg og Europa. Musikken
til UTLA er sjeldan i norsk og internasjonal samanheng. Trioen skaper
ærleg musikk på eigne premissar: Eit moderne musikkuttrykk
i «UTLA-tradisjonen» der rik tradisjon og samtids-avantgarde
smelter saman. Konsertane og CD-utgjevingane manglar ikkje gode kritikkar.
Berit Opheim gjester ofte trioen på konsertturnear i inn - og utland
og på CD- innspelingar. Med seg i bagasjen har dei det rykande ferske
albumet "SONG" NORCD0351 - som vert lansert i Noreg 5. mai.
|
||||||||||||||||||||||
|
Meir om artisten - Tidlegare månadsartistar - Norsk Folkemusikkatalog - Send konserttilbod |
||||||||||||||||||||||