|
Osafestivalen
på Voss og samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo har i år
gått saman om å tinge verk for solo hardingfele. Føremålet
har vore å setja fokus på instrumentet for vår tids
komponistar. Dei fem komponistane, Michael Finnissy, England, Malin Bång,
Sverige, Kevin Volans, Irland, Kunsu Shim, Korea (Tyskland) og norske
Asbjørn Schaathun har på førehand fått eit innblikk
i dei tradisjonelle uttrykksformene ein har på hardingfela, og intensjonen
har vore at verka skal kunne utøvast av ein spelemann
slik at det vil klinge på instrumentet.
Dei tre utøvarane som er plukka ut til dette prosjektet er Nils
Økland , Liv
Merete Kroken og Lars
Underdal.
Nils Økland er ein særs kreativ og oppsiktsvekkjande hardingfelespelarar,
ein allsidig utøvar på fiolin og hardingfele som har brukt
mykje tid på fleire stilar innan både folkemusikk og klassisk
musikk. Han er frilans musikar involvert i mange ulike prosjekt og har
gjeve ut 2 soloplater med mykje eigenprodusert musikk. Bakgrunnen hans
gjorde han til eit naturleg val for eit prosjekt som dette
Liv Merete Kroken og Lars Underdal var begge studentar ved fyrste kullet
på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Med bakgrunn i heimbygda
Hornindal i Nordfjord er Liv Merete utøvar av musikk frå
Nordfjord til Hardanger. Utover å vera soloutøvar har ho
i lag med Sigrid Moldestad duoen Spindel, og dei to med Unni Løvlid
trioen Fjøgl. Repertoaret i desse to gruppene byggjer på
både tradisjonell musikk og ein del eigenprodusert materiale.
Lars voks opp i Vinje i Telemark og har difor felespel frå Telemark
som sitt basisrepertoar. Han er med i gruppa Blåmann Blåmann
som dei siste åra har vore aktive både på festivalar,
turnear og enkeltkonsertar. Sist år var han solist med Sinfonietta
Dresden i Violintripelkonzert av Karsten Gundermann, under
Dresdner Tage der zeitgenössischen Musik. Han har og vore med på
fleire cd-plater og gav i 1998 ut plata "Gullfakse" (NOR-CD
9827).
Prosjektet er støtta av Lindemans Legat, Landslaget for spelemenn
og Fond for utøvende kunstnere.
Osafestivalen:
Nain, fredag 10. oktober kl. 1900
Ultimafestivalen: Lindemansalen,
sundag 12. oktober kl. 1500
|