Nytt frå NFD

Siste nytt frå
BALLADE
NMI s Nettavis

19. mars 2002

Årsmøte i NFD:
- ETABLERA FRITTSTÅANDE PRODUKSJONSMILJØ EIN HOVUDSAK

Oppfølging av Norsk kulturråd si utgreiing "Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg" (Georg Arnestad) og arbeid for gjennomføring av konkrete tiltak i kjølvatnet av denne blir ei hovudoppgåve for Norsk Folkemusikk- og Danselag i 2002. Årsmøtet laurdag i Bø vedtok mellom anna i arbeidsprogrammet at NFD skal arbeide for å etablere og utvikle frittståande produksjonsmiljø for norsk folkemusikk og dans.

Gjenval av Kaasa
Hallvard Kaasa blei gjenvald som leiar for laget. I tillegg består styret etter årsmøtet av Maria Høgetveit Berg, Synnøve S. Bjørset (ny), Helene Høye og Harald B. Knutsen. Varafolk; Tore Bolstad, Tarjei Haugen og Andreas Skeie Ljones (ny).

Ope møte
I forkant av årsmøtet inviterte NFD til ope møte med temaet "Norsk tradisjonsmusikk og -dans i det seinmoderne Noreg - tid for kulturpolitisk anerkjenning". Møtet gav nyttige og inspirerande innspel til debatten om oppfølging av Georg Arnestad sin utgreiing om folkemusikk og dans i Noreg.
Professor Per Mangset (HiT) gav i si innleiing eit oversyn over særprega ved den norske og nordiske kultur- og kunstpolitikken. Han meinte at folkemusikken og dansen som unike norske uttrykk ikkje treng ty til vikarierande argument om samfunnsnytte for å nå fram overfor politiske styresmakter.
Professor Odd Are Berkaak (UiO) sa i si innleiing mellom anna at den norske folkemusikken mest har ein heilag status, sjølv om mange slett ikkje likar musikken. Han peikte på at å "flytta" dansen og musikken frå eitt miljø til eitt anna, og gjere den tilgjengeleg i nye samanhengar, gjer noko med uttrykket og forståinga av kva dette er. Han appellerte sterkt til å være medviten om dette i arbeidet for styrkinga av sjangeren si anerkjenning, når ein ynskjer å nå ut til breiare publikum og skape fleire arbeidsoppgåver for utøvarane.
Anne Hytta, som for tida studerer hardingfele ved Ole Bull Akademiet, sa at for henne som utøvar er det viktig både å tenkje vern og vidareutvikling av tradisjonen, samstundes som ho finn sitt eige uttrykk og sin eigen stemme som utøvar. Ho meinte at det for framtida må satsast på arkiv, og at desse også må ha ressurser til å gjere opptak og registreringar frå samtida. Ho kom også med forslag om oppretting av regionale kompetansesentra for folkemusikk og dans, som i tillegg til arkivtenester bør ha som oppgåve å drive opplæring, utvikle produksjonsmiljø for konsertar og forestillingar og vere sosiale møtepunkt for utøvarar og interesserte.

Møta vart arrangert på Bø Hotell, Bø i Telemark, laurdag 16. mars.

NFD sitt Arbeidsprogram 2002 finn du her.


Tilbake til nytt frå NFD