|
«Ein
annan blant dei andre»:
UTGREIING OM FOLKEMUSIKKENS HUS OVERLEVERT
Ole Mic Thommessen frå Familie-, kultur- og administrasjonsdepartementet
mottok fredag utgreiinga om ei riksscene for folkemusikk og -dans på
ein pressekonferanse. Han sa at folkemusikk-miljøet treng eit nav
i sentrum i møtet med ei ny tid.
Av Anne Hytta
På kulturbåten Innvik i Oslo baud initiativtakar til utgreiinga,
Norsk Folkemusikk- og Danselag, inn til pressekonferanse.
Krune sider frå Hardanger og Øyonn
Groven Myhren frå Ekeberg slo an smaken og tonen på det
som skulle vise seg å bli eit særs vellukka startskot på
arbeidet med ei Riksscene for folkemusikk og dans i Oslo.
Eg vil vakte meg for bastante konklusjonar, men peike på
nokre problemstillingar: Vi er i dag invadert av høg lyd. Folkemusikken
og dansen må møte publikum på nye måtar
og fornye seg inn mot nye kanalar. Miljøet treng ein stad som kan
få ei stemme inn i det offentlege, som kan vere eit nav i sentrum
for miljøet, sa Ole Mic Thommessen, saksordførar for kulturmeldinga
i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen.
Dette kan vanskeleg tolkast som anna enn ein sterk stønad til ideen
om ei riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo.
Men pass dykk no for at de ikkje set i gang med eit budsjett i
100 millionar-klassa. Det vil øydeleggje moglegheitene for eit
godt tiltak, åtvara Thommessen i same stund.
Det stadeigne
Det var sterk semje blant dei frammøtte om at det er ein svært
grundig utarbeidd rapport som no er lagt fram, og utgreiiar, professor
Odd Are Berkaak, hausta mykje ros for arbeidet.
Landslaget for Spelemenn ved dagleg leiar Magnar Sundt, og Rådet
for folkemusikk og folkedans ved Arne Sølvberg slutta seg heilhjarta
til det vidare arbeidet, Sølvberg fortalde at sjølv hadde
han sjeldan fått så mange folkemusikalske impulsar som dei
åra då han budde i hovudstaden.
Med denne rapporten har Berkaak staka ut eit nytt argumentasjonsgrunnlag
for folkemusikkmiljøet som vil kome til syne i framtida. Berkaak
tek til orde for å forlate argument om nasjonalt særpreg og
skilnaden frå resten av verden til fordel for argument om å
vere «ein annan blant dei andre», som han formulerte, inspirert
av forfattaren Olav Aukrust.
Tanken om kulturpolitikk som vern mot framand påverknad er
på veg ut, meiner Berkaak.
Ein må plassere seg sjølv inn i ein samanheng som
er større enn seg sjølv, ein må vere lik nokon og
ein må også ha noko eige. Ein må vere noko anna enn
ein mima kopi av andre, difor er det viktig å ta vare på den
stadeigne tradisjonsmusikken og dansen, med omsyn på verdssamfunnet
som ein del av mangfaldet i verda.
Brobyggar
Frode Rolandsgard har i referansegruppa for utgreiinga (etter forslag
frå LfS). På vegne av folkemusikkmiljøet takka han
Berkaak for det solide arbeidet som er lagt ned, og dei tre kjernepunkta
Berkaak har lagt fram som særskilde for folkemusikken: tidsdjubda,
kollektivismen og det stadeigne. Han ser fram til ei riksscene for tradisjonell
folkemusikk og for meir eksperimenterande musikk bygd på folkemusikalsk
stilkjensle.
Ellen Horn frå Byutviklingskomiteen i Oslo kommune sa seg meir enn
villig til å vere ambassadør for ei riksscene i Oslo. Ho
meiner ei slik riksscene kan bli ein verdfull brobyggar mellom gamal tradisjon,
eksperimentell musikk og utanlandsk tradisjonsmusikk.
Bygg og innhald
Trass stor semje og entusiasme; det var dei som hadde kritiske innvendingar
midt opp i all ros. Bendik Hofseth frå NOPA reiste eit prinsipielt
kulturpolitisk dilemma då han snakka om tilhøvet mellom fysiske
bygningar og det kunstneriske innhaldet. Han nemnde operaen som døme,
der kring åtte milliardar kroner skal nyttast til bygget, samtstundes
som fem millionar kroner kvart år går til norske komponistar
for tinging av nye operaverk. Som styreleiar i organisasjonen for populærkomponistar
og tekstforfattarar etterlyste han meir midlar til å stimulere utviklinga
av kunst, og la til at det er enkelt å satse på eit bygg,
men ein må også tenkje på kva for innhald ein skal fylle
eit bygg med.
Kjell Bitustøyl frå Spelemannsbladet meiner at det vil kome
innvendingar mot ei plassering i Oslo, innvendingar han helsa hjarteleg
velkomen, ettersom det trengst å vere medviten om det er slik at
alt må ligge i hovudstaden.
Berkaak på si side meinte det var opplagt at eit slikt bygg burde
ligge i hovudstaden, mellom anna av di det vil signalisere at musikken
og dansen tilhøyrer alle, ikkje berre eit område.
Les kva presse skriv:
Ballade
TA
|