|
Nytt frå NFD |
||||||||
|
16.
september 2004
|
||||||||
RIKSSCENE FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS |
||||||||
|
Folkemusikk og dans er kunstuttrykk som må behandlast på lik line med andre kulturuttrykk i samfunnet. Den klassiske norske tradisjonsmusikken og dansen har så langt ikkje hatt ein profesjonell overbygning i form av nasjonal arena eller institusjon, til forskjell frå teater, vestleg klassisk kunstmusikk og opera. Norge har sjølvsagt eit særskilt ansvar for å ivareta våre eigne tradisjonar, slåttespelet, kvedinga og bygdedansen, som er ein unik del av verdens kulturarv. I eit moderne internasjonalisert samfunn står desse tradisjonane og kvalitetane i fare for å forvitre. Av Halvard Kaasa Norsk klassisk tradisjonsmusikk og -dans (folkemusikk og -dans) har gjennom historia spela svært ulike roller i det nasjonale og lokale kulturlivet. Norge skal snart feire 100-årsjubileum som sjølvstendig nasjon, og frå 1814 og framover mot 1905 var folkemusikken, dansen og tilhøyrande folkekunst viktige nasjonale symbol for ein gryande nasjon som skulle stå på eigne bein. Kulturmeldinga (St. meld. Nr. 48 (2002 – 2003)) slår fast at "Noreg er åleine om å kunna verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv. Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og større publikum, og det skjer nytenking når det gjeld formidlings- og samversformer. Det er behov for meir samla innsats for å styrkja grunnlaget for produksjon og formidling." Vi er midt oppe i globaliseringsprosessar med kommunikasjonsfart på fleire tusen km i sekundet, og det er ikkje lenger geografiske barrierar som fremjar utvikling av lokale musikk- og dansedialektar, slik føresetnaden var for utviklinga av den høge kvaliteten og mangfaldet på folkemusikken vår. Tvert om er kommunikasjonen så god at dei lokale særprega er i ferd med å bli borte. I dette kommunikasjonssamfunnet hadde vi ikkje fått utvikla lokale musikk- og danseformer slike som slåttemusikken og bygdedansane er. Spørsmålet om kva som er "kul" musikk bestemmast og i liten grad av folket. Den rolla er overteken av store tunge kommersielle og internasjonale aktørar. Altså på høg tid å gjera noko. Og etter Kulturmeldinga seier no styresmaktene at dei vil ta ansvaret for denne delen av norsk kultur alvorleg. Ei viktig konkretisering av dette offentlege ansvaret er at det nå skal opprettast eit fast produksjonsmiljø for folkemusikk og dans i Norge. Tanken om eit folkemusikkens hus er gamal. Ideen om å utvikle ein slik norsk institusjon for klassisk tradisjonsmusikk og dans starta NFD å arbeide med for om lag 10 år sidan. Vi har vore innom ulike former og innhald, og for to år sidan la vi saka fram for Landslaget for Spelemenn, Noregs Ungdomslag og Rådet for folkemusikk- og folkedans som alle støtta tiltaket. Saka blei presentert i eit fellesnotat for Kulturdepartementet i møte med kulturministeren den 28.05.02. der det mellom anna stend: Folkemusikkutdanningane på høgskule- og universitetsnivå har dei siste åra skaffa tilvekst av mange utøvarar på høgt teknisk nivå med gode musikkunnskapar og framifrå scenedugleik. Den kunstnarlege utfaldinga og kvaliteten er på same nivå som for andre kunstuttrykk, og utøvarane og organisasjonane har ambisjonar om å nå ut med stoffet.
Mål for denne aktiviteten må vere:
Ved å basere verksemda på prosjektengasjement av kunstnarleg personale, blir det gode høve for både profesjonelle og unge lovande rekruttar i miljøet til å presentere seg og sine idear gjennom ein slik institusjon. Eit korps av utøvarar som vekslar på å delta i dei ulike produksjonane vil såleis kunne få med seg kunnskapar og inspirasjon attende til dei lokale miljøa der dei spesifikke tradisjonane lever. Samtidig får "miljøet" høve til å samarbeide med profesjonelle krefter frå andre produksjonsmiljø innan dans/scenekunst og musikk. Hovudstaden er eit naturleg val, nettopp for å nå fram til nye publikumsgrupper, sentrale media og journalistar, og for å utvikle samarbeid med andre nasjonale produsentmiljø innan scenekunst, og utvikle samarbeid med regionale institusjonar og aktørar. Me har mykje å ta av. For eksempel har fleire frilansgrupper i Norge dei siste åra fått fram sceneframføringar bygd på folkemusikk og dans av særleg høg kunstnarleg kvalitet (- nokre med Nordisk samarbeid, nokre gjennom produksjonssamarbeid med Rikskonsertane, ulike festivalar og andre). Mange av utøvarane i desse produksjonane er unge utøvarar som arbeider målmedvetne med å etablere seg som artistar. Men på grunn av ressursmangel er det svært avgrensa høve til å få synt desse produksjonane til eit breiare publikum. Oppretting av ein riksscene for sjangeren, med eit profesjonelt miljø for utvikling av framsyningar og produksjonskompetanse, med ein tilpassa scene til framføring av eigne produksjonar - og med ressursar til turnering i Norge og i utlandet, blir av stor betyding for folkemusikk- og dansemiljøet - og for heie det norske kulturlivet. I dag står me på startstreken til å forme og gje denne riksscenen innhald. Ei stor utfordring som krev oversyn, kunnskap, samhald og klokskap. Det er sjølvsagt ikkje slik at dette kan gjerast i ein fei, det kan vera mange vegar å gå og mange fallgruver. Det trengs truleg noko tid. Me skal prøve ut ulike arbeidsmetodar og reiskapar, det skal formast ein kunstnarleg politikk og me må ha ein debatt gåande for å foredle institusjonen vår slik at han fell inn i måla, blir produktiv, effektiv og gjev dei resultata folkemusikkmiljøet og samfunnet ønskjer og treng. Det er godt å vita at me har Stortinget i ryggen når me nå tek til på dette arbeidet, og at me har eit framifrå samarbeid innan sektoren som gjev von om at eit Folkemusikkens hus i Oslo skal vera med å gjera Norge til ein større kulturnasjon. |
||||||||
|
|
||||||||