Nytt frå NFD

Siste nytt frå
BALLADE

4. oktober 2005

Brei semje om Riksscene for folkemusikk og folkedans
EIN ARENA FOR HEILE LANDET

Byrådsleiar Erling Lae (H) i Oslo (i midten) ynskjer kultur i Schouskvartalet: Frå venstre Bjørn Boge (øvingsrom i Vørterhuset), Jan Lothe Eriksen (Riksscene for folkemusikk og folkedans), Olav Kjøk (Oslo musikk og kulturskole), Britta Samuelsen (Oslo musikkråd), Svein Bjørge (Nasjonalt Opplevelsessenter for Norsk Populærmusikk).
(FOTO Øyvind Såtvedt, Oslo kommune)

Hilde Bjørkum ved Førde Internasjonale Folkemusikkfestival tar opp igjen i Bergens Tidende 30.9. debatten om plassering av Riksscene for folkemusikk og folkedans. Det konkrete arbeidet med etablering av denne nye nasjonale institusjonen i Oslo er resultat av ein lang prosess.

Av Halvard Kaasa
leiar Norsk Folkemusikk- og Danselag

 I 2001 la Norsk kulturråd fram rapporten ”Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg” (Georg Arnestad, 2001).  Rapporten slår fast at "..det er ingen andre enn norske kulturpolitiske styresmakter som kan ta på seg eit særskilt forvaltningsansvar for norsk folkemusikk og folkedans. Kulturpolitisk er det her vi finn den store skilnaden mellom folkemusikken og andre musikksjangrar. I liten grad har dette vorte erkjent av norske kulturstyresmakter. Vi finn dessutan i dokumenta frå storting og regjering heller ikkje noka eksplisitt kulturpolitisk anerkjenning av folkemusikk som profesjonell kunst."

Med utgangspunkt i denne utgreiinga presenterte Rådet for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag, Landslaget for Spelemenn (LfS) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) i mai 2002 eit felles notat til kulturminister Valgerd Svarstad Haugland med ei rekkje framlegg til oppfølging og konkrete tiltak til styrking av sektoren. Blant forslaga var mellom anna at ”Det trengst ei scene i hovudstaden som både kan laga produksjonar og ta i mot forestillingar produsert andre stader; eit nasjonalt fyrtårn for rikdomen og breidda i folkemusikken og dansen i Noreg. Ei slik scene må ha spesialisert kunstnarleg kompetanse på produksjon og marknadsføring, og vil gjennom verksemda si nå fram til nye publikumsgrupper nasjonalt og internasjonalt. På sikt bør det og etablerast nokre mindre regionale scener med likarta mål.” NFD har hatt oppdraget med å følgje opp dette tiltaket, og i februar 2004 blei utgreiinga ”Riksscene for folkemusikk og folkedans” av Odd Are Berkaak lagt fram. Her blei det mellom anna konkludert med at ”Det opprettes et sentralt produksjonsmiljø for folkemusikk og folkedans og reises et eget folkemusikkens hus til formålet sentralt i Oslo.” (I referansegruppa for denne utgreiinga satt Sinikka Langeland, Matz Sandman, Frode Rolandsgard og underteikna.)

Etter at utgreiinga var presentert og overlevert saksordførar for Kulturmeldinga, Olemic Thommessen (H), blei det uttrykt støtte for ideen og plasseringa i Oslo frå ein lang rekkje sentralt plasserte aktørar i folkemusikkmiljøet. Då Stortinget deretter behandla Kulturmeldinga sist vår, seier ein samrøystes kulturkomité om denne saka at ”Komiteen støtter initiativet for å få i gang en nasjonal scene for folkemusikk og folkedans. Dette må være en arena der det gis rom for profesjonelle utøvere på feltet, og bør sees i nær sammenheng med det arbeidet «Den norske folkemusikkscena» og «Norsk Folkemusikkformidling» driver. Komiteen mener en slik institusjon også kan målbære folkekulturelle utrykk fra minoriteter i Norge, og uttrykk fra andre land og kulturer. Komiteen mener denne institusjonen også vil være et naturlig arnested for kunstnerisk samarbeid på tvers av genre og kunstarter, eksempelvis i virkefeltet mellom dans og scenekunst. Komiteen registrerer at de store organisasjonene på feltet ønsker at denne institusjonen skal ligge i Oslo-området. Komiteen vil understreke hvor viktig det er at en nasjonal scene i Oslo-området blir knyttet opp mot de levende folkekulturelle miljøene rundt om i landet, og at institusjonen blir koblet opp mot både nye og eksisterende regionale sentra for folkemusikk og folkedans.” (Innst.S.nr.155, 2003-2004)

Utvalet som nå arbeider med etablering og drift av ein slik institusjon, Maria Høgetveit Berg (leiar, kultursjef i Ål kommune, styremedlem i NFD), Asgaut Bakken (prosjektleiar for Den norske Folkemusikkscena), Stein Olav Henrichsen (kunstnarleg leiar Bit 20 og Opera Vest/ styreleiar i ULTIMA), Benjamin Kehlet (utøvar i Folkedansteatret i Oslo), Unni Løvlid (utøvar/ leiar i Laget for folkemusikk i Oslo og medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans) og Martin Revheim (gründer for BLÅ m.m.) har konkludert med at det nye Kulturkvartalet Schous på Grünerløkka i Oslo vil være særdeles velegna til plassering av ein slik ny nasjonal institusjon. I tillegg til å være sentralt plassert i hovudstaden med stort publikumspotensiale, vil det saman med dei andre aktivitetane som blir lagde her utgjere eit unikt miljø for utvikling innan musikk og dans. Parallelt med dette arbeider LfS og NFD gjennom SAMSTEMT-initiativet for å få styrka regionale og lokale arrangørledd tilknytt Den norske Folkemusikkscena, og Norsk Folkemusikkformidling sitt arbeid mot utlandet. I samanheng med dette vil Riksscena bli nav og motor for utvikling av folkemusikken og folkedansen som profesjonelt kunstnarleg uttrykk – for heile landet og også andsynes utlandet.

At enkelte i folkemusikkmiljøet ønskjer å ta opp att ein avslutta og konkludert debatt som det er brei demokratisk semje bak er særs uheldig.  Sjølv om ein er sterkt oppteken av distriktspolitikk og eigne idear, som sjølvsagt er legitimt, så er det også i folkemusikkmiljøet ein fordel å syne respekt for demokratiske prosessar. Dersom ein stadig tek opp att debattar der det er oppnådd brei semje, vil vi ikkje komma vidare og ikkje oppnå noko. Dersom rammevilkåra for folkemusikken og dansen skal utviklast, må vi som sit sentralt i dei ulike institusjonane og organisasjonane for folkemusikk og dans i landet ta omsyn til dei prosessane som går og dei avgjerdene som er tatt. Berre slik kan vi nå nye mål.

Les oppslaget i Bergens Tidende
Meir om Riksscenesaka


Tilbake til nytt frå NFD