Nytt frå NFD

Siste nytt frå
BALLADE

14. oktober 2005
Statsbudsjettet for 2006:
INGEN SIGNAL OM AT STATEN TAR ANSVAR FOR ETABLERING AV RIKSSCENE FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

Maria Høgetveit Berg
(Foto Kvinten)

- Det er særs skuffande og overraskande at det ikkje kjem nokon signal om korleis staten har tenkt å medverke til etablering og drift av ein ny Riksscene for folkemusikk og folkedans. Etter at Kulturdepartementet sjølv i Kulturmeldinga slo fast sitt spesielle ansvar for sjangeren, og etter at ein samrøystes Kulturkomité på Stortinget gav si støtte til ”initiativet for å få i gang en nasjonal scene for folkemusikk og folkedans”  i Kulturmeldingsperioden er dette uforståeleg, seier Maria Høgetveit Berg, leiar for utvalet som nå arbeider med etablering av Riksscena.

- Alternativet som no er under planlegging i Kulturkvartalet Schous i Oslo må ha ei avklaring i haust om arbeidet skal koma vidare. Husleiga vil ikkje kome før i 2007 eller 2008! Når me ser at det er  pengar til andre sjangrar i stort mon, er dette ein prioritering det er vanskeleg å forstå!, seier Høgetveit Berg vidare i ei kommentar til framlegget til kulturbudsjett for 2006 frå Valgjerd Svarstad Haugland.

I Kulturmeldinga slås det fast at « Noreg er åleine om å kunna verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv. Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og større publikum, og det skjer nytenking når det gjeld formidlings- og samversformer. Det er behov for meir samla innsats for å styrkja grunnlaget for produksjon og formidling. »

I sin innstilling til Kulturmeldinga seier ein samrøystes Kulturkomité på Stortinget: «Komiteen støtter initiativet for å få i gang en nasjonal scene for folkemusikk og folkedans. Dette må være en arena der det gis rom for profesjonelle utøvere på feltet, og bør sees i nær sammenheng med det arbeidet Den norske folkemusikkscena og Norsk Folkemusikkformidling driver. Komiteen mener en slik institusjon også kan målbære folkekulturelle uttrykk fra minoriteter i Norge, og uttrykk fra andre land og kulturer.
«Komiteen mener denne institusjonen også vil være et naturlig arnested for kunstnerisk samarbeid på tvers av genre og kunstarter, eksempelvis i virkefeltet mellom dans og scenekunst. Komiteen registrerer at de store organisasjonene på feltet ønsker at denne institusjonen skal ligge i Oslo-området. Komiteen vil understreke hvor viktig det er at en nasjonal scene i Oslo-området blir knyttet opp mot de levende folkekulturelle miljøene rundt om i landet, og at institusjonen blir koblet opp mot både nye og eksisterende regionale sentra for folkemusikk og folkedans.»

Les prioriterte tiltak frå SAMSTEMT for 2006


Tilbake til nytt frå NFD