Bygdedans
3/4 -takt: Denne dansen har ulike nemningar etter kor i landet ein
er, men vanlege namn er springar, pols, springer, springdans. Denne dansen
har mange ulike dialektar, noko namnvariasjonen viser. Tidlegare har variasjonen
vore endå større, og variasjonen ligg i synkoperinga av ¾-takta.
Det vil seie kvar i takta ein legg trykket og betoninga av melodien. Dette
medfører at eit øvd øyre kan høyre forskjell på
ein springar frå Telemark og Valdres, til dømes.
I denne pardansen kan dansarane variere dansen med ulike variasjonar av vendingar
som det høver innanfor eit repertoar av ulike tak.
2/4- og 6/8-takt: Denne dansen vert kalla gangar, rull eller bonde når det er pardans, og halling eller laus når det er solodans. Også her kan ein i pardansen variere med ulike vendingar som er ganske like vendingane i springaren. I solodansen er det som regel menn som viser seg fram med ulike karstykke og ved å sparke hatten. Det finst også nokre spreke jenter som hevdar seg godt i denne dansen!
Frode
Rolandsgard sparker hatten. Foto: Erik Berg.
Runddans
Vals: Vals går i ¾-takt, og i Gudbrandsdalen har denne
dansen eksistert svært lenge, kanskje heilt sidan 1700-talet. Runddansen
er pardans som har kome frå kontinentet, men fått eit eige uttrykk
her i landet.
Reinlender: Reinlenderen går i 2/4- eller 4/4-takt.
Polka: Polkaen går i 2/4-takt, men har eit mykje raskare tempo enn reinlenderen.
Masurka: Masurkaen går i ¾-takt, og liknar på polsen, slik at i dei områda der polsen står sterkt, som til dømes Røros, har dei lite masurka på repertoaret.