Instrumenta
Her følgjer ei oversikt over dei mest vanlege instrumenta som er i bruk i den tradisjonelle norske folkemusikken.


Vanleg fele
Det er usikkert kor lenge den vanlege fela, eller fiolinen, har vore vanleg i Noreg, men Bjørn Aksdal skriv i boka Fanitullen at mykje tyder på at ho har vore i bruk sidan byrjinga av 1600-talet. Instrumentet vart svært populært utover 1700-talet, og det vart særleg knytta til dansemusikken, men fela har også vore nytta til religiøse folketonar og andre melodiar frå folkesongtradisjonen.

Områda der fela er i bruk, er Østerdalen, Gudbrandsdalen, Trøndelag, Nord-Noreg, Nordvestlandet, Nedre-Agder og Hedmark, grovt sagt dei områda der hardingfela ikkje er tradisjonsinstrumentet. Den vanlege fela har tidlegare hatt ei større utbreiing, men frå slutten av 1800-talet har ho blitt trengt tilbake på Nordvestlandet og i Setesdal. Ein annan skarp konkurrent til den vanlege fela vart trekkspelet, som kom inn på slutten av 1800-talet.

Fiolinen vert altså bruka til slåttespel og runddansspel, og det er vanlegare enn blant hardingfelespelemennene at ho vert bruka saman med andre instrument i grupper og lag, som bass, gitar, toradar osv.


Hardingfele

Foto: Hans Bøvre

Det er stor diskusjon i fagkrinsane om kvar hardingfela stammar frå. Ein teori går ut på at ho er utvikla frå europeiske strykeinstrument som fiolin og viola d'amore (ein feletype frå gambefamilien med understrenger). Ein annan teori er at hardingfela er ei vidareføring av dei mellomalderske strykeinstrumenta fidle og gigje (sjå mellomalderinstrument).
(http://www.innoventi.no/toner/instrum.htm)
Den eldste hardingfela er i alle fall datert til 1651 (Jaastadfela) i Hardanger, og utover 1700-talet veit ein at hardingfela spreidde seg til mellom anna Telemark.

Det som kjenneteiknar hardingfela er først og fremst 4 eller 5 understrenger (resonansstrenger) som kling med når ein spelar på overstrengene og skapar den spesielle klangen. Dessutan er stolen flatare, slik at ein kan stryke på fleire strenger samstundes. Dekoreringa har ingenting å seie for lydbildet, men innlegg av perlemor og rosing på lokk, sargar og botn gjev hardingfela den karakteristiske utsjånaden.
Hardingfela vert i dag hovudsakleg nytta på Vestlandet, i Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres og Setesdal. Tradisjonelt er hardingfela eit soloinstrument som vert nytta til dansespel, lydarslåttar og folketonar, men i det seinare har det vorte vanlegare med hardingfeler i ulike gruppesamansetningar.

Til toppen

Fløyter

Seljefløyte

Foto: Hans Bøvre

Seljefløyta er mellom 40-80 centimeter, og den vert spela på den måten at ein bles inn i eit hol på sida av fløyta. Ein trepinne som er sett inn i enden på fløyta leiar luftstraumen gjennom ein kanal til kjernespalta, der tonen vert til.
Seljefløyta har ingen fingerhol, men ein regulerer tonehøgda ved styrken på pusten og ved å vekselvis halde ein finger over det opne endestykket.
Når ein spelar på seljefløyte, får ein fram den såkalla overtonerekka, som komponisten og folkemusikaren Eivind Groven har skrive mykje om.
(http://home.c2i.net/kskjoela/Norsk_kirkemusikk/1999/nummer_4/groven.html)
Seljefløyta har vore mykje bruka i samband med gjeting, og i dag er det vanleg å spele både tradisjonelle slåttar og folketonar som tradisjonelt har vore spela på dette instrumentet.
Medan seljefløyta tidlegare var eit instrument som berre kunne nyttast nokre få veker om våren p.g.a. at borken losnar på denne tida, vert seljefløyter i dag laga av både plast, tre og metall, slik at det har vorte eit heilårsinstrument.

Til toppen


Sjøfløyte/tussefløyte

Foto: Hans Bøvre

Denne fløytetypen er ei blokkfløyte i tre som har fått ein særprega skala.
Det som skil denne fløyta frå vanlege blokkfløyter er altså at ho har ein skala der visse trinn er litt høgare eller lågare (til dømes lys kvart og halvhøg sekst) enn på den normerte skalaen. Men det er ingen heilt faste mønster for korleis skalaen skal vere, og dette kan variere noko frå instrument til instrument.
Grunnen til at ein kallar det sjøfløyte, er sannsynlegvis at fløytene kom nettopp sjøvegen frå Tyskland.
Sjøfløyta har også vore kalla byfløyte, og denne fløyta har vore mest vanleg i Numedal, Telemark, Valdres og Hallingdal. Sannsynlegvis stammar denne fløyta frå 1700-talet, medan tussefløytene (eller bygdefløytene), som er noko mindre og truleg meir inspirert av barokkfløytene, skriv seg tilbake til 1600-talet.

Til toppen


Langeleik

Foto: Hans Bøvre

Langeleiken er ei avlang kasse i tre, med eit varierande tal (som regel 7 eller 8) strenger som går over lokket. Den næraste strengen er melodistrengen, og under denne går det tverrband.
På desse tverrbanda set langeleikspelaren an tonen med venstrehanda, medan ho eller han klimprar med eit plekter med høgrehanda. Dei andre strengene er bordunstrenger som er stemt i durtreklangar eller tomme kvintar.
Dette instrumentet er mest vanleg i Valdres, og andre stader i landet finst det knapt døme på langeleikspel i ubroten tradisjon. I Valdres er det både tradisjon for dansespel, og då som regel springarspel, og lydarslåttar. Dette soloinstrumentet høyrer inn under citerfamilien, og sjølv om det ikkje finst konkrete prov på at det er eit mellomalderinstrument, meiner dei fleste forskarane at dette instrumentet må stamme frå denne perioden.

Til toppen


Munnharpe

Harpene er tilverka av: foran t.v. Knut Tveit, Setesdal, foran t.h.                                                                  Bjørgulv Straume, Setesdal, Bak (i etui) Jacob Lavoll, Hallingdal
                                                 Foto: Hans Bøvre

Munnharpa er eit instrument som er kjend over store delar av verda, og i Noreg stammar den eldste harpa sannsynlegvis heilt tilbake til 1000-talet. Instrumentet har to delar, ein metallbøyle og ei stålfjør som er i midten av bøylen. For å få lyd i instrumentet må ein halde bøylen mellom tennene samstundes som ein slår på stålfjøra med ein finger. Munnhola verkar som ei resonanskasse som kan variere tonehøgda i instrumentet, som er eit naturtoneskalainstrument.
Det er først og fremst i Setesdal at munnharpetradisjonen har halde seg som ein levande tradisjon, men også i Hallingdal og Valdres har instrumentet vore mykje i bruk. Ein kan spele ulikt repertoar på munnharpa, men instrumentet har mest vore nytta til danseslåttar.

Til toppen


Lur

Tilverka av Magnar Storbekken
                                                 Foto: Hans Bøvre

Luren er nært forbunde med seterlivet, og den har røter frå svært langt tilbake og var heilt sikkert i bruk i mellomalderen. Instrumentet er laga av to uthola trestykke som er lagt saman og surra med never. Luren kan vere mellom 1 og 2 meter lang, og ein bles i luren med same teknikk som eit messinginstrument.

Til toppen


Bukkehorn


Tilverka av Odd Lund                                   Tilverka av Knut Skrindo
Foto: Hans Bøvre                             


Dette er ein instrumenttype som er kjend over store delar av verda, og også dette instrumentet er knytt til seterlivet ved at det vart nytta av gjetarar. Ein har to hovudtypar av instrumentet; den eine bles ein som eit messinginstrument, og den andre som ein klarinett. Den siste typen har med andre ord ei neverflis på munnstykket. Bukkehornet krev ein ganske avansert blåseteknikk og fleire fingerhol for at ein kan spele ein melodi på instrumentet, som har vore i bruk sidan mellomalderen og moglegvis endå lenger.

Til toppen


Trekkspel-familien
Trekkspelet kom til dei norske bygdene rundt 1860 med einradaren. Ein einradar er eit instrument med ein durskala, og den vart raskt populært i dei norske bygdene p.g.a. sterkare volum enn fela. Instrumentet passa også godt til dei nye dansane som vart populære no, nemleg runddansane (Reinlender, polka, vals, mazurka).

Foto: Hans Bøvre

Toradaren kan spele to durskalaer, og då dette instrumentet kom, overtok det raskt for einradaren.

Trekkspelet er kromatisk, og vart først populært i byane før det vart introdusert i bygdene.
I dag er det vanleg at både toradar og trekkspel spelar saman med andre folkemusikarar, men lenge var særleg trekkspelet lite populært i enkelte folkemusikk-distrikt.
Bjørn Aksdal skriv i boka Fanitullen at ein i dag kan dele trekkspelarane grovt i tre grupper: Dei som reindyrkar kunststilen innan gammaldansmusikken og som spelar eit klassisk repertoar, dei som fører populærstilen vidare (ein type dansebandmusikk) og til sist dei som spesialiserer seg på slåttestilen, det meir tradisjonelle folkemusikalske uttrykket. I den siste gruppa høyrer toradaren heime.

Til toppen

Den norske folkmusikken - Repertoaret - Dans - Instrumenta - Vokal
Feler - Fløyter - Langeleik - Munnharpe - Lur - Bukkehorn - Trekkspel-familien