Norsk folkemusikk og -dans i stikkord
Det er vanskeleg å
gje ei heilskapleg og nøyaktig avgrensing av kva som er norsk folkemusikk.
Spørsmålet om kva som eigentleg er folkemusikk er noko som har
vorte diskutert aktivt i og utanfor folkemusikkmiljøet lang tid, og
her er meiningane svært ulike. Ein annan sak er at folkemusikken i Noreg
varierer veldig ettersom kva for landsdel det er snakk om. Dette lokale særpreget
er også ganske spesielt for den norske tradisjonen jamført andre
europeiske folkemusikktradisjonar, der ein ikkje har så mange ulike
dialektar lenger.
Her vert berre enkelte kjenneteikn for folkemusikken i Noreg generelt nemnde
punktvis, og dersom du vil ha ein grundigare gjennomgang kan du lese meir
i bøkene eller på websidene som vi viser til etter denne gjennomgangen.
Anonym opphavsmann
Som oftast er "komponisten" av t.d. ein slått eller ein vokaltone
ukjend, men dette er ikkje nokon absolutt regel, fordi også i dag komponerar
folkemusikarar slåttar og folketonar.
Munnleg overføring
Tradisjonelt har musikken vorte overførd frå generasjon til generasjon
ved munnleg overføring, det vil seie direkte frå læremeister
til elev utan bruk av notar. Denne læremåten, som tek utgangspunkt
i gehøret, finn framleis stad både i uorganisert og organisert
form, til dømes gjennom musikkskulen. I dag er det likevel vanleg at
folkemusikarar er notekunnige, og at dei kan spele/syngje etter noter.