Vokal
Det er fleire sjangrar innan den vokale folkemusikktradisjonen i Noreg, som
lokk, bånsull, ballade, bygdevise, stev og religiøse folketonar.
I Telemark og Setesdal vert den vokale folkemusikken kalla kveding.
Noko som er felles for
den vokale folkemusikken er at formidlinga av teksten står sentralt
- ein god folkesongar skal fortelje ei historie med songen sin.
Orda vert sungne som dei ville vore sagt i munnleg tale, og melodien vert
tilpassa verselinene, slik at melodien kan variere noko frå vers til
vers. Den vokale folkemusikken vert elles kjenneteikna ved at den ofte har
svevande intervall, det vil seie intervall som er litt høge eller låge
samanlikna med den vanlege tempererte skalaen som ligg til grunn for det meste
av annan musikk.
Mange vokale folkemusikarar ornamenterer i songen sin, ved at dei "krullar",
og glissando, glidetonar, er også vanleg.
Lokk
Lokk er ei fellesnemning på song eller rop for å samle husdyra.
Dette kan vere melodiar som ikkje er heilt fastlagde, men som vert improviserte
over nokre tema, ulikt frå songar til songar. Lokken er sterkt knyta
til seterlivet og har difor vore lite i bruk dei seinare åra, men dette
er ein tradisjon med lange røter. Laling og huving minnar om lokk,
men funksjonen med desse tonane var å kome i kontakt med menneske langt
unna.
Bånsullar
Også denne sjangeren innan norsk vokalmusikk hadde ein eigen funksjon
i det tradisjonelle bondesamfunnet, nemleg å få dei små
borna til å sove. Melodiane er enkle og vert av og til improviserte.
Balladar
Balladane har røter attende til mellomalderen, og har levd på
folkemunne heilt til dei vart samla inn av notekunnige på 18- og 1900-talet.
Desse balladane er opprinneleg musikken til kjededans, ein dans som var populær
i høgmellomalderen blant hoffet i Europa. Balladane er med andre ord
importerte frå Europa, og ein kan finne likskapar i tekstar i balladar
mange stader i Europa.
Melodiane har derimot ikkje vorte henta frå Europa, og har sannsynlegvis
opphav i Noreg. Ein kan finne svært mange ulike melodiar til same ballade
berre innanfor eit lite område, noko som tyder på at songarane
sto fritt til å finne tonar på eiga hand.
Det er vanleg å dele balladane inn i fleire sjangrar som heilagviser,
kjempeviser, trollviser, skjemteviser osb. Skillet mellom desse sjangrane
ligg i det tekstlege materialet, ikkje i melodiane.
Bygdeviser og skillingsviser
Dette er nyare viser som vart komponerte på 18- og 1900-talet. Det var
ofte kjende forfattarar som skreiv visene, som vart sette til melodiar som
fanst frå før. Dette er viser som også i dag enkelte stader
er populære å nytte blant eit breitt lag av folket. Skillingsvisene
var svært populære i si tid. Dette var viser som kom i opptrykk
om aktuelle handingar, til dømes Titanic-ulukka. Visene vart laga til
moderne melodiar i samtida som var populære å syngje.
Stev
Stev har fire verselinjer som går i ein fast rytme, og kvedaren markerer
av og til rytma ved tramping. Dette er ein songtype som vart nytta når
fleire var samla, og folk song stev til kvarandre og svara kvarandre. Ein
god stevar kunne finne på ein tekst der og da, og det kunne av og
til vere svært kvasse karakteristikkar av ein annan som steva, men
han kunne og finne eksisterande tekstar som passa i samanhengen. Enno i
dag kan ein av og til oppleve spontan steving mellom fleire kvedarar.
Religiøse folketonar
Melodiane til protestantiske tekstar vert kalla religiøse folketonar.
(Melodiane til katolske tekstar vert kalla heilagviser, og er ein type ballade).
Dei stammar altså frå tida etter reformasjonen. Tekstane er dei
gamle salmane med kjende diktarar, medan melodiane ofte er gamle koralmelodiar,
men desse er ofte endra til det ugjenkjennelege med forsiringar og melismer.
Joik
Joiken er den tradisjonelle songen til samane.
(http://www. saamiweb.org/norwegian)
Denne songstilen er noko av det mest arkaiske ein finn innan song i Europa,
og den slekter på songen til folk i Sibir, eskimoane og nordamerikanske
indianarar. Det er mykje intrikate og samansette rytmar i joiken. Samane joikar
ikkje om t.d. kjærasten , dei joikar kjærasten, og på denne
måten er joiken eit middel til å gjere nærverande det som
er viktig i livet.